NRK Meny

Solheim i fotballdrama

Mats Solheim frå Loen var mellom spelarane som måtte gå i garderoben då kampen mellom Hammarby og Djurgården i Allsvenskan vart avbroten i går kveld. Tribunebråk og kasting av bengalske lys på bana var årsaka. Kampen kom i gang att etter ein god halvtime. Laget til Solheim, Hammarby, vann 4-2 etter å ha lege under 0-2.

Mats Solheim
Foto: Privat
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy