Hopp til innhold

Sol i dag, og finare skal det bli!

Sola skin over heile fylket og ser vi vekk frå søndag og måndag, kan Sogn og Fjordane nesten bli som syden.

Bading i Lustrafjorden

LEKRE DAGAR: 20 grader i dag, og varmare skal det bli utover neste veke. 25 grader er i vente tysdag. Arkivfoto.

Foto: Eva-Marie H. Feten

– Det er ein strålande fin dag i dag, og det vil halde seg fint utover dagen, seier vakthavande meteorolog Berit Hagen.

Frå ullstillongs til shorts

Satelittbilete over Sogn og Fjordane

SLIK SER DET UT: Dette er satellittbilete statsmeteorolog Berit Hagen ser på om dagen over Sogn og Fjordane.

Foto: Vêrvarslinga på Vestlandet

Det har vore lenge mellom godversdagane i Sogn og Fjordane denne sommaren. Mange har enno ikkje teke av seg ullstillongsen frå den kalde våren, men no kan den bytast ut med lettare klede. For no ser det ut til at også Sogn og Fjordane får smake på sommaren.

– Frå tidleg tysdag morgon og resten av neste veke vert det skikkeleg sommarvêr. Då kan temperaturen komme opp i 25 grader, og det vil halde seg stabilt fint lenge, seier Hagen.

Søndag vil det skye til over fylket, og det vil kome ettermiddagsbyer. Desse vil halde seg over fjordfylket også måndag.

Fint vêr ei veke

Åsgårdstrand

STUP I DET: Temperaturen i vatnet vil også gå opp når sola skin over fylket den komande veka.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Då vil nok temperaturane gå litt ned og det blir truleg 15 grader dei fleste stadane.

Hagen kikkar på kartet ho har framføre seg og forklarer at det ligg eit svakt nedbørsområde på grensa frå Hordaland.

– Det er kanskje nokre skyer på grunn av dette lengst sør i fylket i dag, men stort sett skal sola skine frå skyfri himmel i dag.

Korleis neste helg blir, torer ikkje Hagen å seie bestemt. Men det ser lovande ut.

– Det er vanskeleg å seie så langt fram i tid, men prognosane vi ser på no er gode.