Hopp til innhold

Etter tre dagar på frifot var han tilbake i kasjotten

Sogningen gjekk rett frå fengselet til feil miljø. Fredag var han tilbake i bak lås og slå.

Mannen i 30-åra var rusa då politiet stogga han på ein stolen moped, berre tre dagar etter at han sleppte ut frå fengselet med rusforbod og meldeplikt.

Sogningen fekk så seint som 16. september sin 13. og førebels siste dom. Han vart då dømd til fengsel i 60 dagar og 240 timar samfunnsstraff, mellom anna for å ha stukke ein kniv gjennom øyret til ein kamerat. Dommen er ikkje rettskraftig då påtalemakta vurderer å anke straffutmålinga.

Sogn tingrett vurderte mannen til å vere i ein rehabiliteringssituasjon, og politiet ynskte å gje mannen ein sjanse då dei sleppte han fri i førre veke. Då mannen måndag vart framstilt for fengsling, vedgjekk mannen at han gjekk rett tilbake til feil miljø og byrja å ruse seg etter lauslating.

Mannen gløymde også meldeplikta og meinte det var dumskap å gjere seg skuldig i nye lovbrot då han stal og i rusa tilstand køyrde moped.

Påtalemakta fekk medhald hos tingretten at mannen bør fengslast for å unngå at han gjer nye lovbrot. Begge vurderer det som stor sjanse for at mannen igjen vil ruse seg, og gjere seg skuldig i ny kriminalitet.

I første omgang får politiet halde mannen varetektsfengsla i fire veker.