NRK Meny
Normal

Sognemorr i butikken igjen

I neste veke kan folk igjen kjøpe Sognemorr i butikkane. Terina i Sogndal tok oppatt produksjonen for tre veker sidan, og neste veke er den første ladninga ferdig.

Sognemorr
Foto: Heiko Junge

Det var i fjor vinter at det eine uforklarlege sjukdomstilfellet etter det andre råka norske born. E.coli-smitte gjorde 17 barn sjuke. Eitt barn omkom.

 Den 20. mars vart smittekjelda funnen - sognemorr frå Terina i Sogndal hadde spreidd bakterien. Kjelda var kjøt frå Gilde sitt slakteri på Tynset.

- Aldri vore tryggare

Produksjonen vart straks stogga. Den vart forsøkt starta opp att med same råstoffet som før, men igjen vart det påvist smitte. No har Terina teke til saman 1300 miljøprøver frå anlegget sitt, og dei kjenner seg trygge nok til å sette i gang att, seier dirftssjef Per Steinar Sviggum.

- Eg kan forsikre om at at det aldri har vore tryggare å ete sognemorr eller andre produkt herifrå. Vi har sett i verk eit omfattande kontrollregime her i Terina, og i Gilde er det gjennomført omfattande og strenge tiltak for å betre slaktehygienen. Men vi kan sjølvsagt ikkje gi 100 prosent garanti.

- Etterspurnaden er stor

Og etterspurnaden etter Sognemorr har vore der heile tida, skal vi tru driftssjef Sviggum.

- Vi har vore ute av marknaden i eit halvt år, så det er knytt spenning til det, men samstundes merkar vi stor etterspurnad både frå salsorganisasjonar, butikkar og kjeder. Dei andre produkta viser at vi er tilbake på fjorårsnivå, salami og fårepølse sel vi meir av enn i fjor. Trass i all negativ omtale i samband med E.coli-saka så viser det seg at vi har tillit hjå forbrukarane når dei plukkar varer i hyllene.

Sognemorr utgjer 10 prosent av produksjonen på Terina i Sogndal, som har 85 tilsette. 

- Vil ta tid

Men forbruksforskar Runar Døvig seier at det vil ta tid før Sognemorren er heilt innarbeidd igjen.

- Fordi det er eit så lite produkt kan det tenkjast at forbrukarane venner seg til andre produkt i mellomtida. Og når det ikkje er eit stort marknadsføringstrykk samstundes, kan det nok hende at sognemorren lgg langt tilbake i folks medvit.

- Lite produkt

- Kva bør Gilde gjere for å nå gamle høgder?

- Det er litt vanskeleg å seie fordi sognemorr ikkje inngår i måltidsmønsteret på same måten som t.d. kjøtdeig, og det er vanskeleg å drive storstila marknadsføring for eit så lite produkt. Men plassering i butikk blir nok viktig, ved at pølsene blir godt synlege. Eg trur at over tid vil kome tilbake, for forbrukarane har generelt stor tiltru til systemet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.