Det er relativt store investeringar, men det er eit prosjekt vi ser på som lønsamt og som det er mogeleg å realisere, seier han.
Straum til 9000 hus
Planane om kraftutbygging i Leikanger vart første gang lansert på 80-talet. Og no vil Sognekraft ta opp planane på nytt. Selskapet leverer i dag straum til 8000 husstandar, men det nye prosjektet vil åleine gje straum til heile 9000 husstandar.
I 2012
Men framleis er det mykje som skal på plass før utbygginga kan starte. Går alt etter planen kan prosjektet stå ferdig først i 2012.
- Vi må gå gjennom prosjektet og og vi må kartleggje interessa i Leikanger i lokalsamfunnet, seier Bakke Nævdal.
Tre prosjekt
Sognekraft har totalt tre prosjekt på bordet. Dei har jobba lenge med eit kraftanlegg i Feios til nesten 100 GwH. Men har også henta fram planer i Årdal og så dette i Leikanger.
- Sognekraft har valt å sjå på potensialet innafor vårt område. Der har vi tre prosjekt, og Leikanger er eitt av desse, seier han.