NRK Meny
Normal

Det du ser stikke fram er pipene - om to veker skal hytta opnast for turistar

Nybygget på Sognefjellshytta på austsida av Sognefjellet er så og seie dekt av snø etter at det kom veldig mykje nysnø for snart to veker sidan.

Sognefjellshytta nedsnødd

BERRE SKORSTEINANE STIKK OPP: Sognefjellshytta sett frå vegen måndag denne veka.

Foto: Råmund Mundhjeld

Måndag denne veka var eigaren, Råmund Mundhjeld, oppe for å sjå til hytta, og han tok då nokre foto som syner kor mykje snø det har kome 1410 meter over havet.

– Her ligg det iallfall an til å bli ein god skisesong til sommaren, seier han.

For terrenget rundt Sognefjellshytta er attraktivt for langrennsløparar sommarstid, og Mundhjeld ventar fleire landslag på besøk komande sommar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sognefjellshytta

SLIK SER HYTTA UT: Dette biletet vart teke i november frå same staden som biletet i toppen av artikkelen.

Foto: Råmund Mundhjeld

Opnar 11. april

Men i første omgang handlar det om å få opna Sognefjellshytta til påsketuristane kjem 11. april, og Mundhjeld og hans tilsette har ein bra jobb framfor seg med å grave fram hytta.

– Vi har maskinar til å ta det grøvste, så det skal vel gå bra.

For det er ikkje så mykje snø som bileta kan tyde på. Det er vinden som har ført til at det har pakka seg heilt til skorsteinane på nordsida. Det er ikkje ekstremt mykje snø, seier Mundhjeld.

– Målingane til Lom fjellstyre tyder på at det er tilnærma eit normalår når det gjeld snømengde. Men det kom veldig mykje for knapt to veker sidan, og den snøen er temmeleg fast.

(Artikkelen held fram under biletet).

Sognefjellsvegen

HER ER SOGNEFJELLSVEGEN: Fartsskilta stikk opp av snøen ved Sognefjellshytta.

Foto: Råmund Mundhjeld

– Ferdigpreparert av Vårherre

Anders Fortun, som i mange år har sytt for at det er eit godt løypenett på Sognefjellet, fortel at det er litt mindre snø på vestsida, men at det er rikeleg også rundt Turtagrø, og at det lovar bra for påsketuristane.

– Dyrhaugsryggen ser ut som han er ferdigpreparert av Vårherre, seier han.

Fortun trur ikkje det er så store snømengder at det vil forseinke opninga av riksveg 55 over Sognefjellet.

– Dei har så godt utstyr at det skal gå bra.

Statens vegvesen pleier å opne Sognefjellsvegen i månadsskiftet april/mai. I haust vart vegen vinterstengd 23. november.

Brøyting ved Sognefjellshytta

BRØYTING I 2012: Slik såg det ut då Sognefjellsvegen vart brøytt ved Sognefjellshytta 24. april 2012. Råmund Mundhjeld konstaterer at det også då var mykje snø.

Foto: privat
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.