Hopp til innhold

Sogndal går for tre poeng

Sogndal og Vålerenga kjempar mot kvarandre på tablenne, og i dag møtest dei på Fosshaugane.

Malick Mane og Benjamin Dahl Hagen

MØTEST TIL DUELL: Sogndal og Vålerenga møtest i dag på Fosshaugane, her frå fjorårets møte i Sogndal.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

FØLG KAMPEN HER

– Held vi nullen så er vi sikra eitt poeng, men på heimebane er det viktig å gå for tre poeng, og det må vi gjere no, seier Sogndalspelar Azar Karadas.

Klokka 18.00 møter laget Vålerenga til dyst på Fosshaugane stadion. Begge laga vil kjempe om poenga, som dei sårt treng for å klatre oppover på tabellen. Begge laga har, saman med Sandnes Ulf 30 poeng, og ligg såleis tett på nedrykksstreken.

Trenar Jonas Olsson seier det blir viktig å gjere ein god jobb i forsvar under dagens kamp.

– Vi gjorde det bra sist med fem mann bak. Det var ein god forsvarskamp, og vi må gjere det bra i forsvar denne kampen også, om vi skal få poeng. Vi har hatt ei historie i det siste med litt for mange baklengsmål, så det er viktig å bremse litt, slik vi gjorde sist, og sikra oss eitt poeng.

SJÅ VIDEO: Jonas Olsson fortel om dagens kamp
(Artikkelen held fram under videoen)

Jonas Olsson om forventingar til kampen mot Vålerenga.

Jonas Olsson fortel om dagens kamp.

Balansegang mellom forsvar og angrep

Sogndal er kjent for sin defensive spelestil. Med fleire tap bak seg, har laget også blitt tvungne til å fokusere på å hindre mål heller enn å score mål, sa assistent trenar Tom Mangersnes til NRK tidlegare i veka.

– Det er viktigare å score sjølv, men held ein nullen, så har ein eitt poeng. Og eitt poeng kan vere viktig, sjølv om tre poeng sjølvsagt er verd meir. Det er ein balansegang, seier trenar Olsson.

Dersom laget held på oppstillinga med fem mann bak, er spiss Azar Karadas ein av dei som må inn i ei ny rolle, men det har han ikkje noko mot.

SJÅ VIDEO: Azar Karadas om forventingane til kampen mot Vålerenga
(Artikkelen held fram under videoen)

Azar Karadas om forhåpningar til kampen mot Vålerenga.

Asar Karadaz fortel om forventingane til kampen mot Vålerenga.

– Det er ikkje noko problem. Eg har gjort det før, og det er noko av det eg signerte på når eg kom til Sogndal også, at eg kunne spele fleire plassar, seier Karadas.

Han trur det han først og fremst kan bidra med er duellstyrke og erfaring, og ser fram mot dagens kamp.

– Alle kampar har sitt eige liv. Det er tre poeng som er utgangspunktet, så må vi vere lojale mot kampplanen vår og arbeidsoppgåvene. Vi må ha fokus på oss sjølve. Vålerenga er der nede også, og kan heller ikkje tape så mykje meir, men vi må tenkje på oss.

Trenar Jonas Olsson trur ikkje det blir ein taktisk krig mellom han og Vålerenga sin trenar, Kjetil Rekadal.

– Mykje taktikk kan det bli, men det er verken eg eller Kjetil som vil avgjere kampen, det er det spelarane på bana som gjer, seier Olsson.