Hemsedalbilane er ikkje noko stort selskap. Det er snakk om 10 bussar og lastebilar, og 10 sjåførar. Sogn Billag vil overta bilane og sjåførane, men ikkje bygningane og verkstaddelen til selskapet. Hemsedalbilane har ikkje den mest moderne bilparken, men standarden er likevel god, seier Jarle Molde.
Årsaka til at Sogn Billag vil ta over Hemsedalbilane er dei mange skituristane selskapet fraktar, og at dei reknar med ein trafikkauke når Lærdalstunnelen opnar.