– Dette har eg drøymt om sidan eg byrja å køyre bil, og det er langt over halve livet, fortel Jogeir Agjeld.
Han er ein av dei som lenge har kjempa for ein utbetring av fylkesveg 60 mellom Innvik og Olden. Vegen har blitt døypt «Norges verste veg», og då Agjeld fekk sjå at det er opning i begge endar av den nye tunnelen på strekninga, blei han nesten mållaus.
– Det er nesten uverkeleg at vi har kome dit vi er no. Eg trur ikkje eg innser kor kjekt dette er, før eg køyrer her med gulstripe på vegen og alt, seier han.
Tunnelen har fått namnet Vangbergstunnelen, og Agjeld fekk sjå då den siste biten med stein blei sprengt vekk.
– Det har vore ein lang kamp, vi har halde på i mange år, og håpa på at dette skulle skje. No er det handfaste bevis på at det bokstaveleg talt er lys i enden av tunnelen, seier han.
- Les også:
Rasfarleg
Ikkje berre er fylkesvegen mellom dei to bygdene smal og kronglete, den har også vore rasfarleg i lang tid.
Agjeld har køyrt strekninga tallause gonger, og vil føle seg mykje tryggare når både tunnelen og vegen er heilt ferdig og klar til bruk.
– Det skal bli så godt, spesielt med tanke på tryggleiken. Heile ungdomsskulen i Vikane køyrer på ein rasfarleg veg, men no får dei og alle andre ein trygg veg å ferdast på. Dette vil også forbetre regulariteten, då ein vil sleppe å stå i kø, fortel han.
– Ein fryd
Det er bygd to andre tunnelar på strekninga tidlegare, og Agjeld er nøgd med korleis arbeidet er blitt utført.
– Dei to andre tunnelane er ein fryd å køyre i. Trygge, romslege og fine. Vegvesenet er dyktige, og vi har sett i heile haust kor effektiv entreprenøren er og kor godt arbeid dei gjer, skryt han.
- Les også: