Hopp til innhold

Smugla nesten 900 liter alkohol og 6000 sigaretter - no er dei dømde

Tre polske menn har sete i varetekt sidan dei vart tekne av politiet for smuglinga. Det gjer at dei er frie menn om berre få dagar.

Smuglargods Førde

ENDRA FORKLARING: Ein av dei dømde endra forklaring heile fem gonger når han skulle gjere greie for si rolle i smuglarsaka.

Foto: Politiet

Det var 12. november dei tre vart tekne. Politiet var på spaning og kom på sporet av to bilar. Ein personbil fullasta med smuglargods og ein varebil, Politiet arresterte, sikta og tiltalte ein mann som frakta smuglargodset og to menn som følgde i varebilen.

Dommen frå Fjordane tingrett kom i dag.

Endra forklaring fem gonger

Mannen i 40-åra som førte personbilen med smuglargodset erkjente straffskuld for smuglinga.

Like bak sat dei to andre mennene, ein i 30-åra og ein i 20-åra, i ein varebil. Begge erkjente straffskuld, men mannen i 20-åra hevda at han ikkje kjente til at alkohol og sigarettar vart smugla før dei hadde kome over grensa frå Sverige, og kravde difor å bli frifunnen for smugling og heller dømd for heleri.

Smuglargods Førde

STORE MENGDER: Alt dette i ein personbil gjer at føraren av smuglarbilen også er dømd for overlast.

Foto: Politiet

Retten festar ikkje lit til forklaringa og viser til at mannen i 20-åra har tilpassa forklaringa si ved alle fem høva han har forklart seg. Telefonbevis, mellom anna ein eigen telefon for å halde kontakt mellom bilane, gjer også at tingretten er samrøystes:

Alle tre mennene er dømde for å ha smugla – eller medverka til smugling av – 790 liter sprit, 71,5 liter 40 % sprit og 6000 sigarettar.

Frie menn om fire og ni dagar

Dei tre er også dømde for brot på straffelova, på grunn av falske norske skilt på smuglarbilen.

Mannen som førte smuglarbilen er dømd på grunn av ei overlast på 494 kilo, medan dei to andre er dømde for ei endring som gjer at varebilen ikkje er godkjent for bruk på veg.

Alle tre har sete i varetektsfengsel sidan dei vart arresterte, og får trekt desse 41 dagane frå straffa. Mannen i 40-åra som køyrde bilen med smuglarvarene er av Fjordane tingrett dømd til 50 dagar fengsel, og har dermed ni dagar att å sone. Dei to i varebilen er dømde til 45 dagar fengsel, og har fire dagar att bak murane.