NRK Meny
Normal

Først slo han til ein mann i 20-åra - så vart han køyrd heim til mora si

Politiet måtte like over klokka 01 natt til søndag rykkje i Deknepollen i Vågsøy etter at ein mann i 20-åra hadde vorte slegen til av ein mann i midten av tenåra.

Laster kart, vennligst vent...

Både politi og ambulanse drog til staden, og den skadde vart teken hand om av helsepersonell og køyrd til Nordfjord sjukehus.

Den mistenkte tenåringen vart teken hand om av politiet. Sidan guten var under 18 år, vart han overlevert til mora si.

Guten protesterte også på å bli teken med av politiet. Det vert oppretta sak mot guten, og denne vil bli vidare etterforska av Vågsøy lensmannskontor.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.