Hopp til innhold

Slik vil reiselivsselskap endre seg

– Skal Nordfjord stå sterkare som turistdestinasjon, må vi som reiselivsselskap fornye oss, seier dagleg leiar i Reisemål Stryn & Nordfjord, Marita Lindvik til avisa Fjordingen. Når generalforsamlinga møtast neste veke, vil både nytt namn og identitetsbygging av selskapet vere tema, seier Lindvik.