Hopp til innhold

Slik skal museet i Movika sjå ut

Eit slankt og høgreist glasbygg skal romme det nye fellesmagasinet for musea i Sogn og Fjordane. Prislappen er førebels ukjend.

Kløften

VINNAREN: 'Kløften' vann plan- og designkonkurransen om nytt fellesmagasin i Movika.

Foto: Illustrasjon: Bystrup Arkitekter og Designere APS

I dag vann forslaget «Kløften» laga av Bystrup Arkitekter og Designere APS i København, plan- og designkonkurransen om nytt fellesmagasin i Movika i Førde.

Bygget skal også romme administrasjon og ha publikumsareal for Musea i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Museum i Movika.

Sunnfjord museum i Movika

GAMLE HUS: Desse husa er ein del av Sunnfjord museum i Movika.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Sunnfjord Museum i Movika

SUNNFJORD MUSEUM: Det nye bygget skal liggje på dette området.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det danske arkitektfirmaet får 400 000 i førstepremie. Juryen var samstemd og meiner vinnarforslaget var det beste av dei 30 innkomne forslag frå 10 ulike land.

– Enkelt og vakkert

Dei er også overtydde om at tenkinga som er lagt til grunn i «Kløften», med ny tilkomst og teknologi, vil gi eit optimalt prosjekt i høve det utfordrande programmet som ligg føre.

– Forslaget kan bli vakkert og enkelt nok i høve omgjevnadene, meiner juryen.

Juryen meiner “Kløften” er eit moderne bygg for framtida som møter dei gamle bygningane på området og byggeteknikken frå tidlegare tider godt.

– Eit vesentleg element er inngangspartiet, eit slankt og høgreist glasbygg med skiveverknad, som er godt tilpassa målestokken i landskapet. Med plasseringa i høve friluftsmuseet vil dette kunne bli eit vakkert møte mellom historie og moderne teknologi, meiner juryen.

No skal dei skaffe pengane

Arbeidet med å få eit nybygg for musea i fylket har pågått i mange. Men sjølv om det er kåra ein vinnar i arkitektkonkurranse, er det langt fram til det står ferdig. Bygg- og eigedomssjef JanTore Rosenlund i Sogn og Fjordane fylkeskommune veit ikkje når finansieringa er på plass.

– No startar arbeidet med å finne ut kva det vil koste og korleis vi skal skaffe pengar. Eg reknar med at både staten, fylkeskommunen og kommunane vil bidra for å få realisert dette, seier han til NRK.no.

Eit sterkt ønskje frå musea

Ei viktig årsak til at nettopp det danske forslaget vann, er at delar av det vil liggje inne i fjellet.

– Sunnfjord Museum vil få ny tilkomstveg og parkeringsplass. Den eine enden av det nye bygget vil liggje her. Besøkjande skal kunne gå gjennom bygget og komme ut i friluftsmuseet. Det er lagt vekt på universell utforming og at delar av dette store bygget på 4500 kvadratmeter vil liggje inne i fjellet, seier han.

– Når trur du at bygget er klart?

– Eg vil ikkje anslå noko, men eg håper vi får det til. Det er eit sterkt ønskje frå musea i fylket å få eit slikt bygg på plass, seier han.

Kløften, vinnarforslaget i arkitektkonkurranse i Movika

SLIK SKAL DET LIGGJE: 'Kløften' skal liggje i fjellet mellom den nye parkeringsplassen og friluftsmuseet.

Foto: Bystrup Arkitekter og Designere APS