NRK Meny
Normal

Heime feirar born og borneborn jul, Jarle må ete julemiddag bak murane

Kring 3 400 innsette skal i år feire jula i norske fengsel. «Kristian» (41) og Jarle (52) er to av dei som får ei høgtid bak murane.

Jarle (52) skal feire jul i fengsel.

INNE: Jarle (52) bur seg på nok ei julefeiring bak lås og slå. - Det er trist, men ein må berre gjere det beste ut av det, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er ei tragisk tid. Ute har eg alltid feira jul med familie, born og barneborn. Tankane vil vere der ute. Dei vil uansett gå til familie, vener og kjende, fortel Jarle (52) lågmælt om høgtida som står for tur i Vik fengsel i Sogn.

I år er han ein av mange som skal feire jul i fengsel. Berre eit steinkast unna er hus, bygningar og hovudgata gjennom Vikøyri pynta og klar for årets julehøgtid. Det skal bli jul også innanfor murane til eit av landets minste fengsel.

– Med litt julepynt, god julemat og ulike tilstellingar, så blir det på ein måte julestemning her også. Vi er ikkje gløymde. Men det blir på ingen måte det som vi er vaksne opp med og vande med, seier Jarle og legg til at han er ved «godt mot».

(Artikkelen held fram under biletet)

Pyntar til jul i Vik fengsel.

PYNTAR: Jarle (52) pyntar treet saman med sosionom Tove Listelid og økonomikonsulent Yvonne Siegersma.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Pyntar for besøk

På innsida av murane er julestemninga byrja å ta form. Vi er på besøksrommet i gamlebygget frå 1864. Ei kyrkje har fått snø i form av bomull på taket. To telys lyser gjennom raude behaldarar i vindaugskarmane. Like over strålar julestjerna.

Julenissen på bordet har fått ein raud julekrans kring seg, der den står saman med pynten som skal på juletreet.

Pyntar til jul i Vik fengsel.

GÅR UNNA: Julekulene forsvinn fort under pyntinga av juletreet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det blir veldig bra det der, seier Jarle og hengjer ei raud julekule på grana. Før han grip etter ei ny i plastkolben.

Situasjonen er kjend, men denne gongen er det ikkje til julefeiring med familie og vener han pyntar. Men til ei jul saman med innsette.

Vaksen opp med fengsel

Det er ikkje første gong at 52-åringen har brote lova og må sitje i fengsel i jula. I år skal han gjere det saman med 32 andre i Vik. Jarle fortel at han meir eller mindre har vakse opp med fengsel. Ifølgje han sjølv hovudsakleg for å køyre bil utan førarkort.

No er han også dømd for ein valdsepisode som han hevdar var sjølvforsvar. Straffa vart på åtte månader og to veker fengsel. Jarle har sona ferdig første månad.

– Der ja. Då har eg fått gått rundt juletreet også, seier Jarle og legg remsa med glitter på treet.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Belegget i norske fengsel i juletida

År

Veka før jul

Julafta og 1. juledag (snitt)

Julepermisjonar

2010

3530

3425

672

2009

3371

3182

668

2008

3096

2974

699

2007

3227

3119

569

2006

3136

3027

610

Ï år har kring 14.500 fangar site i eitt av dei 52 fengsla i Norge. Tidlegare år har mellom tre og fire prosent oppfylt krava for å kunne få julepermisjon. Straffa må vere over fire månader, ein tredjedel av straffa, minimum fire månadar, må ha vore sona og framferda til den innsette må sjølvsagt ha vore god.

Ved julepermisjon nyttar fengselet også skjønn dersom den innsette er heilt oppunder grensa til minimumskrava.

I Vik må Jarle sjå fire medtilsette få tusle ut portane i permisjon. I tillegg får ein innsett juleamnesti til han skal sleppast fri like over jul. Sjølv får ikkje Jarle feire jul med barneborna, som alle er under ti år.

(Artikkelen held fram under biletet)

Julefeiring i Vik.

SIT INNE: - Ein ting er å få domen. Det andre er å bli kalla inn i jula. Ikkje eit godt tidspunkt, men likevel ikkje noko vi styrer. Slikt skjer når du bryt lova, seier Jarle (t.h.) og får eit samtykkande nikk frå «Kristian».

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er veldig, veldig spesielt. Det er det. Det som elles er normalt, er vekke her. Borna og dei små. Og jula er jo for dei små, seier han og er usikker på kva familien tenkjer om at han skal sitje inne i jula.

Då NRK møtte Jarle i Vik fengsel, hadde han framleis ikkje fortalt familien at han skal sitje inne i år.

– Eg skal ringje. Det blir trist. Eg berre håpar at dei ikkje tek det for tungt. Men eg er her for å gjere opp for det gale eg har gjort. Slikt skjer når du bryt lova, seier han.

Familien til Jarle er no varsla om at han sit inne i jula, og at han fortel si historie i media.

Første jul «inne»

– For å seie det slik: Du vil ikkje sitje inne fleire juler. Når du ser korleis familien tek det, så blir det vel til at ein held seg på rette side av lova heretter. Vi får bruke tida til å tenkje oss godt om, seier «Kristian» (41).

Han er ferdig med dei første to vekene av fengselsstraffa på to år for omgang med amfetamin. For han blir det viktig å tenkje minst mogleg på sambuaren og familien som ventar utanfor murane.

Når familien i bergensområdet går i julebesøk første og andre juledag, er det første gong at det skjer utan han. Og han veit at han berre har seg sjølv å takke for det.

– Vi som er her skal nok få det greitt. Eg trur nok at dei som sit heime brukar meir energi på å tenke på korleis vi har det på julekvelden. Det er jo ein som ikkje sit ved bordet. Men når vi har stelt oss i ein slik situasjon, så må vi berre bli ferdige med det, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kapellet i Vik fengsel

KAPELLET: Her samlast dei innsette til juleverkstad, julefest og julegudsteneste.

Foto: Oddleif løset / NRK

– Ein fin gjeng

Etter å ha site vekevis i varetekt og isolasjon, var det ei lette for Kristian å få ein av dei elleve opne plassane i Vik. Fengselet har i tillegg 28 lukka plassar.

Både «Kristian» og Jarle fortel om «ein fin gjeng» som passer på og oppmuntrar kvarandre i den opne avdelinga. På julekvelden vil dei sitje samla ved eit langbord og nyte julemiddagen. Den ser dei begge fram til.

– Dess mindre ein tenkjer på dei heime, jo lettare gjer ein det for seg sjølv, seier «Kristian».

Innsette pyntar

Det er lunsjtid. Ute har medinsette i vedproduksjonen kappa dei siste vedskiene for no. I treverkstaden er hammaren lagt på vent, medan skiftnøkkelen i den mekaniske verkstaden har funne sin vande plass.

Henk Siegersma

VERDIG: Henk Siegersma seier at også dei innsette har krav på ei verdig julefeiring.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Besøksrommet er pynta og klart til å la julefreden senke seg. Det er det første som blir pynta i år. No står opphaldsrommet, kapellet og uteområde for tur.

– Det er stort sett dei innsette som gjer jobben med pyntinga og eg trur dei set pris på det, fortel Henk Siegersma, som er rådgjevar ved fengselet.

Sjølv om dei er på feil side av lova, skal dei ha ei verdig julefeiring. Og for mange innsette er jula den verste tida på året.

– Dei har det tungt i juletida, med tanke på dei som sit heime. Eg trur det dempar tankane at dei er aktive og får skape denne julestemninga sjølve, legg han til.

Det skal nok gå bra med meg. Det er første jula på 12 år at mor ikkje treng å vere redd for meg.

Innsett om å feire jul i fengsel

– «Alt» blir forsterka

Med arbeids- og kursfri i romjula, betyr det meir fritid. Som igjen må fyllast med aktivitetar for at ikkje dagane skal bli for lange og tankane skal få vandre.

Innsette arrangerer aktivitetar, medan også visitortenesta frå Røde Kors og Frelsesarmeen kjem på besøk. I tillegg syter fritidsleiaren i fengselet for aktivitetar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olav Martin Hove

TENNER LYS: Fengselsprest Olav Martin Hove meiner julehøgtida er spesiell for mange tilsette og insette i fengselet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Medan folk går til kyrkje utanfor murane på julaftan, går dei innsette i Vik fengsel opp trappa til kapellet. Her har dei også julefest og juleverkstad.

– Eg opplever det ekstra meiningsfylt å vere her i jula. Då blir «alt» forsterka. Nokon kjenner ekstra sterkt på saknet av familien. Ikkje minst dei som har born, fortel Olav Martin Hove.

Mange sterke inntrykk

Hove er tidlegare sokneprest i Vik, men tok til som fengselsprest i 2007. Han har sett mange feire jul bak murane. Det har gjeve mange sterke inntrykk i møte med dei på feil side av lovverket. Det finnst eit utal skjebner kring om.

– Andre fortel at det er den finaste julehelga dei har hatt. Det er mange som ikkje har så gode opplevingar med julefeiring, som vaks opp i ein heim med rus og angst for å bli utsette for vald, held han fram.

– Eg gjekk tur på bygda med ein innsett og spurte kva han tykte om å feire jul i fengsel. Han svara at ”det skal nok gå bra med meg. Det er første jula på 12 år at mor ikkje treng å vere redd for meg”, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Jul i fengsel

JUL BAK MURANE: Kring 3400 innsette skal i år feire jula i norske fengsel. I Vik fengsel i Sogn finn vi ein av dei som ikkje får vere saman med familien i høgtida. Han må bruke tida til ettertanke på lovbrota som førte han dit.

Gode samtalar

Under ein juleverkstad var det også ein innsett som aldri kom i gang med julekortskrivinga. På spørsmål frå presten, svara den innsette at han ikkje hadde nokon å sende julekort til.

– Det gav meg noko å tenkje på, og gjorde meg veldig takksam for at eg har nokon å vere glad i, og takksam for at nokon er glade i meg, seier han og fortel at dei mange helgedagane i jula utløyser mange samtalar med innsette.

Olav Martin Hove, fengselsprest i Vik.

MEININGSFYLT: Julehøgtida gjer fengselsprest-jobben ekstra meiningsfylt innhald.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er nok kanskje mange som kjenner ekstra på einsemda enn elles. Det er alltid nokon som treng å prate, men som ikkje har nokon å dele tankane med. Då er det viktig å vere til stades, legg Hove til.

Siste jula inne

Som i dei mange tusen heimar blir det julegåveopning også i Vik fengsel. Ved sidan av julemåltidet, er dette eitt av høgdepunkta «Kristian» ser fram til.

– Eg har høyrt rykte om at dei allereie er på veg, seier han og ler.

Fengselsprest Hove meiner juletida gir grunn til ettertanke. «Kristian» er langt på veg samd. Spørsmålet er om desse tankane får han, Jarle og dei 31 andre innsette over på rett side av lova iløpet av jula.

– Det er ikkje noko kjekt for familien heller når ein sit i fengsel, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.