NRK Meny
Normal

Slik blir helgevêret

Det går mot ei våt helg i Sogn og Fjordane. Laurdag føremiddag blir beste dagen, elles vert det stort sett vått.

regn

HELLER VÅTT: Helga blir prega av nedbør.

Foto: NRK

– Det byrjar allereie fredag. Då kjem eit nedbørsområde inn over Sør-Norge, og det treff også Sogn og Fjordane, seier statsmeteorolog Espen Biseth Granan.

Ut over fredag kveld går det over i bygevêr. Laurdag startar litt lettare, men moglegheiter for sol tidleg på dagen.

– Men ut på dagen så kjem det byer med nedbør frå sør og nye millimeter med nedbør. Sundagen blir det mykje det same med regnbyer, seier Biseth Granan.

Her kan du lese meir om vêret i helga

Temperaturane kjem til å ligge kring 10 til 12 grader.