Slår ring rundt Abenezer (4)

Lokalpolitikarane i Sogndal slår ring om fire år gamle Abenezer Adhenome, skriv Sogn Avis. NRK fortalde tidlegare denne veka at den autistiske guten kan bli sendt ut av landet trass den alvorlege diagnosen sin. Gruppeleiarane i partia AP, Høgre, Sp, Venstre, FrP, KrF og SV har saman med ordførar Jarle Aarvoll sendt eit brev til Utlendingsnemnda der dei ber om ei endring av reglane for opphald på humanitært grunnlag.

Abenezer
Foto: Bård Siem / NRK