NRK Meny
Normal

Skuffa over eige parti

AP går krasst ut mot vedtaket som vart gjort i ortopedisaka av Helse Førde-styret – som har ein styreleiar frå AP.

Clara Øberg

Clara Øberg, styreleiar ved Helse Førde, er usamd med sitt eige parti i ortopedisaka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner vedtaket til Helse Førde om å flytte akutte ortopedipasientar som treng narkose til Sentralsjukehuset, vil øydeleggje for lokalsjukehusa.

– Vi er uroa for at det skal svekkje pasientgrunnlaget, og at legar skal reise frå lokalsjukehusa fordi dei ikkje finn det attraktivt å jobbe der lenger. Vi ynskjer ikkje eit svekka tenestetilbod, fortel Aud Kari Steinsland ved Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Merkeleg

Styreleiar – og Arbeidarpartipolitikar – Clara Øberg ved Helse Førde synest det er merkeleg at partiet ikkje har teke kontakt med styret eller administrasjonen for å få informasjon om saka.

– Eg tykkjer det er rart at ein verken har snakka med administrasjonen eller styret før dei kjem med ein slik påstand, fortel ein skuffa styreleiar.

Ho tykkjer ikkje det er problematisk å vere heilt usamd med eige parti.

Heilheita

Eg meiner at Sogn og Fjordane Arbeiderparti skal ta vare på heile fylket, og sjå heilheita. Det gjer dei ikkje ved å nytte andre informantar enn administrasjonen, seier Øberg.

Kvifor er administrasjonen og styret dei beste informantane?

Det er vi som gjer vedtaket. Vi har sjølvsagt eit grunnlag å gjere vedtaket på, hevdar Øberg.