Hopp til innhold

Skogsarbeidar mørkla store delar av Jølster

Ein uheldig skogsarbeidar la i føremiddag eit tre over straumlinja ved Stakaldefossen. Det mørkla store delar av Jølster kommune.

NRK.no får opplyst at straumen forsvann eit godt stykke innover på begge sider av Jølstravatnet.

No skal mørklegginga gjelde på strekningen Stakaldefossen - Bøafossen, vest for Vassenden.

– Dersom det ikkje er skade på trådane, så vil straumen vere raskt oppe å gå att. Er det skade, kan det fort ta lengre tid. Kanskje eitt par timar, får NRK.no opplyst ved Sunnfjord Energi.