NRK Meny
Normal

Frykta for utflagging og nedbemmaning gjort til skamme

Dei tilsette ved Elkem Bremanger er svært fornøgde med dei kinesiske eigarane sine. Hjørnesteinsbedrifta i Svelgen produserer mellom anna silisium til iPhonar.

Arne Werge-Olsen

FORNØGDE: Hovudtillitsvald Knut Sande og administrerande direktør Arne Werge-Olsen fortel at dei er fornøgde med dei kinesiske eigarane av Elkem Bremanger.

Foto: Bård Siem / NRK

Enorme sekkar med blank metallmasse står stabla på rekkje og rad i ein av hallane ved Elkem Bremanger i Svelgen. Det ser ut som sølv, men er høgreint silisium. Det blir også kalla silgrain og er det mest ettertrakta produktet Elkem Bremanger produserer.

Elkem Bremanger

STOR PRODUKSJON: Elkem Bremanger har 200 tilsette og omsette for ein milliard kroner i fjor. Verksemda vart oppkjøpt av China National Blurstar Group i 2011.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi har silgrain grovgods pakka i sekkar på 1000 kilo kvar. Dette stoffet endar mellom anna opp i iPhonane våre, fortel prosessingeniør Jarl Flatøy. Produkta frå Elkem Bremanger blir mellom anna også brukt i bilmotorar, vindmøller og skotsikre vestar.

Jarl Flatøy

ATTRAKTIVT: Silgrain av denne type blir brukt i produksjonen av iPhonar, fortel prosessingeniør Jarl Flatøy.

Foto: Bård Siem / NRK

Oppkjøpt av kinesarar i 2011

Elkem vart oppkjøpt av den kinesiske industrikjempa China National Blustar Group i 2011. Eit oppkjøp som i mange kretsar skapte frykt for dårlegare arbeidstilhøve, utflagging og nedbemanning. Heldigvis har ikkje noko av dette skjedd, fortel Knut Sande, hovudtillitsvald ved verksemda i Svelgen.

– Opplevingane vi har hatt med dei kinesiske eigarane har vore positive. Når vi først vart seld til utlandet, verkar det som vi har vore heldige, seier han.

Silisium.

VARMT: Her blir ein av Elkem Bremanger sine omnar tømt for flytande silisium. Massen er om lag 1700 grader varm.

Foto: Bård Siem / NRK

Står føre store investeringar

Kinesarane har investert fleire hundre millionar kroner i Elkem dei siste åra.

– I nær framtid skal det også investerast i oppgraderingar av eksisterande omnar i Svelgen, seier Arne Werge-Olsen, administrerande direktør for verksemda i Bremanger.

Han fortel at det har vore udelt positivt at kinesarane tok over.

– Vi har fått ein stor profesjonell eigar som har langsikte planar for aktiviteten i Bremanger, seier han.

Arne Werge-Olsen

FRYKTAR IKKJE: Administrerande direktør Arne Werge-Olsen fryktar ikkje at produksjonen i Svelgen skal bli flytta til Kina.

Foto: Bård Siem / NRK

Kunnskap viktig

På spørsmål om kinesarane også tilfører Bremanger-verksemda kunnskap, ikkje berre kapital, svarer Werge-Olsen følgjande.

– Dette er langsiktige eigarar som har trua på industrien vår. Det betyr ikkje at vi ofte har besøk av kinesarane her i Svelgen. Det er heller motsett. Vi brukar vår spisskompetanse og ekspertise inn i det kinesiske firmaet som produserer over heile verda, seier Werge-Olsen, og legg til at den norske kunnskapen er viktig kapital for kinesarane.

Kunnskapen ved Elkem Bremanger er viktig kapital for kinesarane.

Arne Werge-Olsen

– Norge er eit høgkostland. Er du ikkje redd for at kinesarane på sikt skal flytte produksjonen over til Kina?

– Kvifor investerer kinesarane store summar i Norge då, spør Werge-Olsen tilbake.

Straumpris viktig

Elkem Bremanger har 200 tilsette og omsette for om lag ein milliard kroner i fjor. Werge-Olsen vil ikkje gå ut med årsresultatet frå i fjor, men slår fast at overskotet var solid og at det var godt over det budsjetterte.

– Om vi får dei rette rammevilkåra har vi stor tru på framtida. Kva nivå straumprisen og nettariffen vil liggje på vil vere viktig, seier Werge-Olsen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser