Hopp til innhold

Skal undersøke steinkrossen

Sintef er bedne om å undersøke kva som kan gjerast for å berge den tusen år gamle steinkrossen i Korssundet i Fjaler.

Steinkrossen er sterkt forvitra, og står no så skeivt at naboane til krossen fryktar at den skal knekke.

Sintef-undersøkingane er kostnadsrekna til mellom 70.000 og 100.000 kroner.