Hopp til innhold

Verftsarbeidar fall om under malingsarbeid - politiet måtte rykkje ut frå Førde

Ein person fall om under malingsarbeid ombord i ein båt som ligg til kai ved Havyard Leirvik i ettermiddag. Politiet måtte rykkje ut heilt frå Førde til verftet, ein tur på nær to timar.

Politibil kjem til Havyard Leirvik nær to timar etter at politiet fekk melding om ulukka.

TOK SI TID: Politipatruljen blei send frå Førde til Leirvik i Hyllestad. Først nær to timar seinare var politiet på plass ved verftet. Foto: Silje Bråstad

– Vi kan no stadfeste at det har vore ei arbeidsulukke ved Havyard Leirvik. Politiet er på veg til staden, fekk NRK opplyst frå operasjonssentralen til politiet.

Klokka 20.10 melder Sogn og Fjordane politidistrikt at dei driv med åstadundersøking på verftet.

– Det har vore tre menn som har jobba ilag ombord i ein båt og dreve med malingsarbeid då den eine har falle om. Han kom til medvit igjen og er vurdert av helsepersonell. Han er sendt vidare til Førde sentralsjukehus for vidare undersøkingar, opplyser politiet.

Årsaka til hendinga er ukjend. Mannen er av utanlandsk opphav og arbeidstilsynet er varsla, melder politiet.

Ambulanse Helse Førde

PÅ VEG: Ambulansen har no forlatt verftsområdet ved Havyard Leirvik.

Foto: Silje Bråstad / NRK
Havyard Leirvik

ULUKKE: Ulukka skjedde inne på området til Havyard Leirvik.

Foto: Silje Bråstad / NRK