NRK Meny
Normal

Sju personar involverte i kollisjon

Ein samanstøyt på riksveg 5 ved Naustdal sentrum førte til full utrykking onsdag kveld.

Kollisjon riksveg 5 naustdal

KOLLISJON: Ein bil har køyrt inn i ein annan bil bakfrå.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Alle sju er sendt til Førde. Seks av dei er sendt til legevakta for kontroll, medan den siste, ein tenåring, er sendt til akuttmottaket på sjukehuset, seier operasjonsleiar for politiet, Inge Værøy.

Han kan ikkje seie noko meir om skadeomfanget. To bilar var involverte i kollisjonen der den eine køyrde i den andre bakfrå.

– Den eine bilen slakka ned for å svinge av. Då køyrde den andre bilen i den bakfrå, seier Værøy.

Ulukka skjedde ved avkøyrsla til Naustdal sentrum like ved Best-stasjonen. I den eine bilen sat det fire tenåringar, medan det i den andre var ein vaksen og to mindre barn. Det er ein av tenåringane som er sendt til akuttmottaket, ifølgje operasjonsleiaren.

Politiet fekk melding om ulukka like etter klokka 21.00 veslejulaftan. Ulukka skal ikkje ha skapt problem for den øvrige trafikken på riksvegen.

Kollisjon riksveg 5 Naustdal veslejulaftan

SJU INVOLVERTE: I kollisjonen mellom to bilar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.