NRK Meny
Normal

Sjå kva Laila møtte på tidleg i februar

– Eg tykkjer det er vel tidleg å møte slike krabatar ute i naturen, seier Laila Grotle i Bremanger.

Hoggorm 4. februar i Bremanger. Tidleg ute.

SJÅ VIDEO: Denne ormen skulle eigentleg ha sove. Den milde vinteren kan ha drege den ut av dvalen.

Laurdag 4. februar var ho på fjelltur til Førssnipa og Strukssnipa på Førs i Bremanger.

I det varme vêret og på veg heim tråkka ho nesten på noko som låg delvis kveila saman på ein stein.

Overraska

– Eg gjekk vidare i andre tankar. Men så tenkte eg: Kva søren var det?

Laila Grotle

TIDLEG MØTE: Laila Grotle.

Foto: Privat

Og der, ned frå steinen og bortetter lyngen, smaug ein stor hoggorm seg av garde.

– Eg skvatt litt, for eg har ofte kvidd meg for å møte orm. Men eg vart ikkje veldig redd. Så eg henta opp telefonen og filma.

– For dette måtte sjølvsagt dokumenterast, smiler Laila.

Vel tidleg

Til vanleg jobbar ho som aktivitør på ein sjukeheim og ho plar gå mange turar ute i naturen.

– Eg har jo møtt orm før, men ikkje så tidleg. Eg undrar korleis det gjekk med den, seier Grotle om ormen, som er eit vekselvarmedyr, og som er freda.

Det var mange som var ute og gjekk på den populære turløypa førre laurdag. Og Grotle stussar over at ormen i det heile teke låg der den låg. Arten plar vere sky.

– Ormane kjenner jo vibrasjonar og mange folk gjekk her. Eg lurer på om andre har sett den, seier Grotle.

Hoggorm

HOVUDET: Hoggormen kraup vidare inn i lyngen.

Foto: Laila Grotle