Eva Weel Skram poserer på trappa ved Åmot Operagard før innspelinga av TV-konserten.
Thomas Stenersen er Eva Weel Skram sin ektemann og musikalske partnar.
Åmot Operagard i Bygstad stod for heilt spesielle kulissar for den intime konserten med Eva Weel Skram.
Eva Weel Skram saman med Steinar Sørli og Yngve Brakstad som driv Åmot Operagard i Bygstad.
80 heldige publikummarar fekk vere med på innspelinga som fann stad inne i låven på operagarden i Bygstad.
Sola kikka fram medan publikum venta på å få kome inn i sjølve konsertlokalet.
På kontrollrommet var det trongt og hektisk i tida før konserten starta. Her blir alt spelt inn og lagra, seinare skal alt visast på fjernsyn.
Eva Weel Skram saman med prosjektleiar i NRK, Stian Sjursen Takle.
Som artist har Eva Weel Skram lært seg å ta godt vare på sine fans, også dei yngste. Sonen til kokk Christel Eide, som stod for maten denne dagen, fekk selskap av Skram då han tok seg ein velfortent is.
Det var mykje utstyr som skulle på plass, og difor ikkje plass til veldig mange i publikum. Dei 80 som fekk plass fekk kome tett på scena.
Ordføraren i Gaular, Mathias Råheim, var ein av dei heldige som fekk sjå konserten. Det same var kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og kona Solveig Barstad.
Prosjektleiar i NRK, Stian Sjursen Takle, ønskte publikum velkommen inne i operalåven.
Eva Weel Skram saman med ektemannen Thomas Stenersen, klare til konsert.
– Heile dagen er berre heilt magisk, sa Eva Weel Skram til NRK før ho gjekk på scena inne i konsertlåven.