Hopp til innhold

Sat tett som sild i tønne på Sildebordet

Tradisjonen tru samla Sildebordet i Florø svært mykje folk. At sola valde å syne seg på himmelen gjorde jo ikkje akkurat saka verre i kystbyen!

Sildebordet i Florø 2015

HØG STEMNING: For 24. gong inviterte kystbyen Florø på verdas lengste sildebord.

Sildebordet i Florø 2015
Foto: Truls Kleiven

NRK sin frilansfotograf i Florø tok med seg kamera ut for å fange den gode stemninga. I biletserien her, kan du til dømes sjekke om du ser kjende.

Kanskje kan du også drøyme deg attende til den gangen nett du tok turen til Florø for å ete sild og sosialisere med hyggelege folk.

– Stemninga har vore heilt upåklageleg i kveld, berre smil og glede i finvêret, fortel fotograf Truls Kleiven.