Årets Balejazz er godt i gang

Folkefest i regnver og i nattens mulm og mørke! Årets Balejazz er godt i gang. Her kan du sjå bileta frå den tradisjonsrike festivalen.

Artistar som verdskjende Mezzoforte og Odd Nordstoga, utekonsert med Sogndal storband og bluesfest med Reidar Larsen. Alt låg an til at også årets utgåve av Balejazz skal bli ein suksess.

Bilettsalet til konsertane har vore godt og i seint i kveld toppar det seg med den danske souldronninga Hanne Boel i Kviknesalen på Kviknes Hotel. Som vanleg er dei fleste tilgjengelege scener i Balestrand teke i bruk for festivalen.

Odd Nordstoga stilte på festivalen saman med sin nye musikalske makker, Ingebjørg Bratland. Då han vart intervjua på Nitimen på NRK P1 laurdag morgon, kunne han røpe at han hadde teke årets første bad - i Sognefjorden før konserten!