Hopp til innhold

Gjekk inn for å gå vidare med høyringsprosess

Med 18 mot 5 røyster sender kommunestyrepolitikarane i Fjaler på høyring framlegget om å leggje ned Guddal skule.

Guddal skule

TRUA: Guddal skule kan bli lagd ned frå og med skuleåret 2016/2017.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fleirtalet ynskjer å gå vidare med høyringsprosessen som kan gjere at Guddal skule blir lagt ned frå skuleåret 2016/2017.

Det er i dag kring 20 elevar ved skulen. Rådmannen ynskjer å flytte elevane til Flekke skule.

– Vi ynskjer å fullføre høyringsprosessen før vi tek ei endeleg avgjerd lenger ut på året, truleg i slutten av oktober eller i november, seier ordførar Arve Helle (Ap).

Treng meir informasjon

Ved å leggje ned skulen reknar kommunen med å spare kring ein million kroner årleg. Senterpartiet sine tre representantar, samt SV og KrF sine representantar røysta mot.

Arve Helle

GÅR VIDARE: Arve Helle (Ap) seier kommunestyret går vidare med høyringsprosessen kring Guddal skule.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ordføraren seier politikarane ynskjer fleire avklaringar før dei kjenner seg i stand til å fatte eit vedtak.

– Det går mellom anna på om det er elevar som ynskjer å gå på Sande og litt rundt skuleskyss. Det er lange avstandar. Fleirtalet signaliserte sterkt at ein ynskjer å strekkje seg langt for å unngå å gå til det drastiske steg å leggje ned skular. Så her er ingenting avgjort, seier Helle.

Dobling av reisetida

For elevane som bur lengst vekke er det snakk om ei dobling av reisetida om skulen blir lagt ned. Det betyr ei reisetid på 50 minuttar.

Torunn Åsnes er mor til ein av elevane ved skulen. Ho er ei av fleire foreldre som vil kjempe for å behalde skulen.

– Det er bra om ein kan få belyst alle sider av denne saka. Det er utruleg viktig sak og viktig å fatte rett avgjerd, seier ho og håpar høyringsrunden vil gjere at politikarane ser på saka med same auge som bygdesamfunnet.

Belyse fleire alternativ

– Eg set min lit til att det går føre seg ein ryddig prosess, og at det blir teke ei avgjerd på eit godt grunnlag når endeleg avgjerd blir teken, seier Åsnes.

I utgreiinga frå rådmannen blir det også omtala fleire alternativ til samanslåing av skular.

– Kva du tenkjer om at berre nedlegging av Guddal skule blir sendt ut på høyring?

– Eg tykkjer på ein måte at det er litt underleg sidan det var lagt fram ein god del framlegg til strukturendring og at dette var det ein landa på. Eg trur det hadde vore bra å fått skikkeleg belyst også dei andre framlegga som var i utgangspunktet.