NRK Meny

Septik 24 er kjøpt opp

Renovasjons- og septikselskapet Septik 24 er blitt ein del av Norva 24-konsernet. Eigarane av Septik 24 har hovudsete i Stryn og Sløvåg og hovudkontoret til Norva 24 blir liggjande i Stryn. Der får også konsernleiinga sitt hovudsete, skriv Fjordingen. Septik 24 hadde kring 90 tilsette, men under Norva 24-konsernet blir dei nærare 250. Norva 24 driv i hovudsak med industri- og kommunaltekniske tenester. Johny Birkeland Transport AS i Gulen er blant bedriftene som følgjer med i oppkjøpet, skriv avisa Nordhordland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.