NRK Meny
Normal

Sendt til sjukehus etter påkøyrsle i gangfelt

Ein fotgjengar er send til sjukehus etter å ha blitt påkøyrd i eit gangfelt utanfor Førde hotell.

Påkøyrsle i Førde
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Politiet meldte om ulukka klokka 17.34. Då var naudetatane allereie på staden.

Påkøyrsla skjedde i gangfeltet like ved hotellet. Både den skadde, ein mann i 50-åra, og bilføraren er sende til sentralsjukehuset i Førde. Føraren var ei kvinne i slutten av tenåra og førarkortet hennar har blitt kverrsett.

Politiet har ingen opplysningar om kor alvorlege skadar mannen i 50-åra fekk etter samanstøyten.

Laster kart, vennligst vent...
Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.