NRK Meny
Normal

Sender ut OBS-varsel - melder 60-80 millimeter nedbør på 24 timar

Meteorologisk institutt sender ut OBS-varsel på Vestlandet på grunn av store nedbørsmengder i helga.

Tunge regndråper faller i Bergen

VÅTT OG VÅTARE: Bu deg på ei våt og vindfull helg.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Første dose kjem allereie laurdag ettermiddag og kveld. Det roar seg noko til kvelden og natta, men så tek det laust att søndag. Dette blir den desidert våtaste dagen, seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Martin Granerød.

Samtidig som regner auser ned over Vestlandet, ligg det svært mild luft over heile Norge.

– Laurdag vert det temperaturar på 10-11 grader i låglandet. Søndag synk det litt, og ein kan vente seg snø på 1.000-1.100 meter. På 24 timar er det venta mellom 60 og 80 millimeter nedbør, og det er mykje, seier Granerød.

  • Oppdatert vêrvarsel finn du her

Kjem mest nedbør i indre strøk

Hovudårsaka er svært mild luft og pålandsvind. Når lufta så stig, klarar ikkje skyene halde på nedbøren, og dermed auser det ned.

– Det blir mest nedbør i midtre strøk, på dei stadane som vanlegvis har mest nedbør. Dei slepper litt billegare unna ved kysten, seier Granerød.

Når vi ser på dei neste ti dagane er det i grunnen berre regn, regn og meir regn i sikte. Vi kan seie heilt sikkert at det vert ei våt jul.

Martin Granerød

I tillegg til både mildvêr og store nedbørsmengder, er det også venta ein del vind på Vestlandet.

– Det blir kraftigast i fjellet og på kysten. I dag er det venta opp mot sterk kuling og ved Stad kan det komme opp i liten storm, seier Granerød.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Vindkart» i nytt vindu

Grafikk-kjelde: Earth Nullschool

10 dagars-varsel: regn, regn og meir regn

Søndag er det venta stiv og sterk kuling frå sør og sørvest.

– Dette kjem til å halde fram måndag. Når vi ser på dei neste ti dagane er det i grunnen berre regn, regn og meir regn i sikte. Vi kan seie heilt sikkert at det vert ei våt jul, seier Granerød.

Han ber folk ta forholdsreglar før dei store nedbørsmengdene råkar.

Martin Granerød

VÅT JUL: Statsmeteorolog Martin Granerød kan ikkje love noko anna enn ei våt jul.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

– Det er lurt å sjå til at vatnet har ein plass å fare, seier Granerød.

For dei som skal på biltur over høgfjellsovergangane, bør ein tenkje seg om før ein legg i veg.

– På dei fleste fjella ligg det allereie snø. Når det så kjem mykje regn, vert det fort isete. Nedbør og vind gjer også sitt på sikta, seier Granerød.