Hopp til innhold

Satsar ein kvart milliard i Dale

Programvareselskapet Enoro i Dale skal investere 250 millionar kroner i utvikling av ny programvare.

Elis i Dale.

SATSAR: Store omveltingar i kraftbransjen opnar nye dører for programvareselskapet Enoro.

Foto: Oddmund Haugen

Norden leier an i den store omveltinga som skjer i kraftbransjen, og i Dale satsar dei hardt på å bli dei som leverer dataprogram til kraftselskapa.

Dagleg leiar Edgeir Aksnes seier til Firda at pengane skal investerast i folk.

– Arbeidet kjem til å skje i Dale. Veksten held fram, seier han.

Har eit forsprang

Verksemda, som har programvaregigantane Microsoft og Oracle som konkurrentar, gjekk i fjor med 20 millionar kroner i overskot. I snitt tilsette dei ein ny medarbeidar kvar fjerde veke.

Innføring av smarte målarar og krav om at kraftselskap skil den konkurranseutsette verksemda frå monopolverksemda, gjer at det blir behov for heilt nye dataprogram og system.

– Det som skjer i Norden no er ikkje på tale ein gong i USA. Dermed har dei ikkje behov for å utvikle dei nye løysingane, og vi har eit forsprang som kan bli gull verdt når endringane spreier seg til kontinentet og utover i verda, seier Aksnes.