NRK Meny
Normal

Samlar på fjelltoppar

Ole Ramshus Sælthun frå Lærdal har ein stor lidenskap for fjellet, og samlar på fjelltoppar over 2000 meter.

Ole Ramshus Sælthun

PÅ TOPPEN: Ole Ramshus Sælthum, her ved Store Kvitingskjølen i Lom.

Foto: Privat

– Det byrja i 2002 då eg vart med onkelen min på Store Astanbottind, seier Ramshus Sælthun.

Seinare vart det nokre vinterturar på Ringstind og Soleieting.

– Så syntest eg dette var flott då, og så har det blitt nokre 2000 meterstoppar i året. I 2008 skulle eg eigentleg skrive bacheloroppgåve, men reiste i staden på ein 10-dagars tur åleine i Jotunheim, seier Ramshus Sælthun.

Midtre Høgvagltind

MAJESTETISK: Midtre Høgvagltind med utsikt sørvestover mot mellom anna Uranostind og Sagi.

Foto: Ole Ramshus Sælthun

Noterer alle

Til Porten.no som var dei første som omtalte saka, fortel han at det er i år han skal ta så mange som mogleg. Helst 100, no har han 24.

– Eg har ikkje vore så veldig systematisk tidlegare, og har vel gått på ein 40 - 50 2000-meterstoppar tidlegare, men no går eg meir systematisk til verks, seier Ramshus Sælthun.

For dei spesielt intresserte så satsar han no på toppar med såkalla primærfaktor 50, det vil seie at det må vere eit skar med høgdeforskjell på 50 meter mellom to toppar, for at begge skal kunne reknast.

– Då er det snakk om 185 toppar. Dersom eg skulle hatt med rubbel og bit så snakkar vi om rundt 380 toppar, men eg synest det er bra med 185.

Han har og eigen blogg der han legg ut video og turtips for dei som vil gå dei same turane som han.

På tur til Tjønnholstind

Skriv krim

Ikkje berre er han ivrig turgåar i fjellet, han går og svanger med ei krimbok som han gir ut på eige forlag. Ikkje overaskande spelar fjellet ei viktig rolle her.

– Eg har kalla det fjell- og bygdekrim. Handlingar går føre seg i Sogn, i Lærdal der eg kjem frå, men og på Turtagrø og Hurrungane. Handlingane ustpelar seg både nede i dalbotneg og opp mot dei høge fjelltoppane, Ramshus Sælthun.