Hopp til innhold

Samlar inn pengar etter dødsulukke

Innbyggjarane i Lavik opnar lommebøkene for dei polske familiane etter dødsulukka ved Havyard Leirvik. I dag starta ein spontan innsamlingsaksjon.

Innsamlingsaksjon i Lavik
Foto: Cosmin Cosma/NRK

Tone Sissel Nyland
Foto: Cosmin Cosma/NRK

To polske verftsarbeidarar omkom og ein tredje ligg framleis kritisk skadd etter ulukka sist måndag.

Tone Sissel Nyland  driv blomsterbutikk i Lavik. Men i dag har ho ikkje hatt tid til å selje blomar. I staden organiserer ho ein innsamlingsaksjon. Dødsulukka ved Havyard Leirvik eit par mil unna har gjort sterkt inntrykk.

- Vi ser dei på butikken og bensinstasjonen, og er vane med å ha dei i nærområdet. Dette er vår måte å vise omtanke for dei, og syne at vi bryr oss om dei, seier Nyland. 

Vil hjelpe familiane 

Bøssene vart i dag plasserte på butikkar, hotellet og bensinstasjonen. I tillegg vil næringslivet sjølv leggje pengar i bøssa. Fredag ettermiddag og laurdag går Røde Kors meir aktivt til verks ved å gå rundt med bøsser mellom anna i ferjekøen. Leiar Bjarne Hellebø i Røde Kors seier det er heilt naturleg å stille opp.

- Vi plar vere med på aksjonar for å hjelpe lidande. I dette tilfellet har det skjedd i nærmiljøet. Vi har hatt buande folk frå Polen i området, og det var naturleg å støtte opp, seier Hellebø. 

Trur på mykje pengar

Innsamlinga skal pågå til ut i neste veke. Då tar verftsdirektøren ved Havyard Leirvik pengane med til Polen i samband med gravferda til dei to omkomne. Alle pengane skal gå til desse to familiane, pluss familien til han som framleis er kritisk skadd.

- Eg håpar det vert mykje pengar og at folk vil gje ein del, slik at det vert lettare i kvardagen for familiane som er råka av ulukka. Det var vel dei som var ute og tente pengar som no er vekke eller vert arbeidsufør, seier Tone Sissel Nyland.