NRK Meny
Normal

Sambuarpar frikjent for vald mot born

Eit foreldrepar frå Sogn og Fjordane vart dømde i tingretten for barnemishandling. No har Gulating lagmannsrett frifunne paret.

Borna vart tekne hand om av barnevernet i 2013, og i fjor vart foreldreparet dømde til ti månadars fengsel, fire av dei utan vilkår, for å ha mishandla, sparka og slått borna. På bakgrunn av motstridande forklaringar frå borna har Gulating lagmannsrett no frifunne dei to.

Saka hamna i rettssystemet på bakgrunn av uromeldingar frå ulike offentlege etatar og andre som hadde ein relasjon til familien. Foreldreparet har sjølve skildra situasjonen i heimen som krevjande, men har heile tida halde fast på at dei ikkje har vore valdelege.

Borna skal i dommaravhøyr ha skildra vald og mishandling, men lagmannsretten kan ikkje sjå bort frå at opplysningane ikkje er korrekte, står det i dommen. I dommen legg også lagmannsretten vekt på at borna skal ha blitt oppmoda av andre om å fortelje at dei vart utsette for vald i heimen.

Etter lagmannsretten si oppfatning er borna sine forklaringar ikkje konsistente og har indre motsetnadar.

Avgjerda frå lagmannsretten er i stor grad basert på dei same bevisa som vart lagde fram i førre rettsinstans, og omfattar også informasjon og dokumentasjon frå barnevernet og avhøyr av vitne.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.