Saknar du ein hund?

Ein innringar fortel at han har observert ein hund som er aleine i området sørvest for fjellet Veten i Gloppen. Hunden er kvit og brun, korthåra og om lag ein halv meter høg. Området hunden er observert i, ligg om lag 500 meter over havet.