Hopp til innhold

Sakna kajakkpadlarar funne

Dei fire britiske kajakkpadlarane som det har vore leita etter i dag er funne i god behald på Vetlefjorden i Balestrand.

Vangsnes
Foto: Ottar Starheim / NRK

Politiet fekk litt over klokka halv eitt melding om fire kajakkpadlarar på Vetlefjorden, midt mellom Menes og Torsnes.

Politiet har no vore ute i båt og snakke med padlarane. Og det viste seg altså å vere dei fire som det har vore leita etter.

Dei fire er to menn og to kvinner i 40-årsalderen.

Hans Petter Harlem, lensmann i Balestrand, møtte sjølv britane i fjøresteinane i Vetlefjorden.

- Dei var godt utstyrte. Det var og godt å sjå at det var kajakkar og ikkje kanoar dei padla.

- Var dei klar over at dei var meldt sakna?

- Nei, og dei forstod nok at det var svært uheldig at dei ikkje hadde meldt frå om at dei hadde planar om å vere borte om natta, seier Harlem.

Fleire observasjonar

Dei fire britiske turistane drog ut med kvar sin kajakk i middagstider måndag. Dei bur på Tveit Camping ved Vangsnes, og vart sist sett av eigaren padlande innover fjorden.

Då dei ikkje var komne tilbake frå turen tysdag morgon melde campingplasseigar Olav Fjærestad dei sakna. Men det han altså ikkje visste var at dei hadde padla over fjorden til Hella og Vetlefjorden der dei vart gjort fleire observasjonar av dei måndag ettermiddag og  kveld.

- Burde meldt frå

Fjærestad er kritisk til at dei fire britane ikkje melde frå kvar dei drog eller kva planar dei hadde for turen.

- Det var ganske sterk solgangsbris på Sognefjorden måndag, og bølgjene var ganske høge. Dei padla innover mot Vangsnes, men vi var jo klar over at ikkje ville klare å padle tilbake før vinden stilna seinare på kvelden. Men då dei ikkje var komne tilbake i dag tidleg vart vi urolege og melde frå til politiet, seier Fjærestad.

Han fortel at turistar ofte manglar respekt for fjorden, og at mange ikkje er klar over at det kan blåse kraftig opp utpå dagen, når dei dreg ut på ein vindstille fjord på morgonkvisten.