11-åringen vart meldt sakna i halv tre-tida fredag, etter at han kom vekk frå besteforeldra på ein tur i Stølsheimen. Ved Hovedredningssentralen for Sør-Norge får NRK opplyst at det vart sett i verk leiteaksjon i området med mannskap på bakken, og eit helikopter frå Luftambulansen i Bergen.
Funnen av fjellvandrar
Medan Hovedredningssentralen venta på at mannskapet skulle koma seg inn i området, fekk dei melding om at guten var funnen av Jan Ivar Berge klokka 16.11 på veg til Selhammarhytta.
Var svolten
Guten var uskadd og i god behald då han vart funnen mellom Halsetvatnet og Holskarvatnet. Men han var svolten, og fekk mat hjå mannen som fann han. No gjenstår to timar gange fram til Selhammarhytta.
Leitar framleis
Seint fredag vart framleis to personar som leita i området, fordi mobildekninga er så dårleg at dei ikkje har fått melding om at aksjonen er avblåst.