NRK Meny
Normal

Rusa seg på hasj, så la dei ut på raid

Nordfjordkvinna og sambuaren røykte hasj og la ut på raid. No er begge dømde til fengsel.

Fjordane tingrett

DØMD: Kvinna i 30-åra møtte ikkje i retten då saka mot henne skulle opp.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Medan sambuaren hennar fekk dommen i september i fjor, er også kvinna i 30-åra no dømd for raidet ei januarnatt i fjor.

Etter å ha rusa seg på hasj, stakk sambuarparet av med ein båt, ei jakke og ein redningsvest frå eit naust i Eid. Same natta stal dei også tobakksvarer og pyntegjenstandar frå ein bensinstasjon i Vågsøy.

Kvinna erkjende forholdet overfor politiet og samtykka til at saka kunne gå som tilståingsdom. Ho møtte derimot ikkje i Fjordane tingrett då saka gjekk.

Kvinna stod også tiltalt for å ha stole to tre-pakningar med Snickers til ein verdi av 78 kroner, samt ein boks Pepsi Max til ein verdi av 13,90 kroner.

Kvinna er tidlegare bøtelagd for naskeri, men retten fann det formildande at denne saka var blitt gammal utan at kvinna kunne lastast for det.

Aktor sin påstand om fengsel i 75 dagar, der 45 er med prøvetid på to år, vart teken til følgje. Retten meinte kvinna ikkje var eigna for samfunnsstraff.

Saman med sambuaren sin må kvinna betale to forsikringsselskap 75.000 kroner i erstatning.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.