NRK Meny

Røykeri har fått innpass i Oslo

Svanøy røykeri har fått innpass i seks Oslo-butikkar. Det skriv Firdaposten. Dagleg leiar Gro Tveit Sveen seier dei har måtte gjere eit stort stykke arbeid for å bli godkjent leverandør. Ho seier dei vil få det travelt dersom salet går bra på butikkane. I fjor sette bedrifta omsetningsrekord på 3,5 millionar kroner.