Rekordpåmelding for Skåla Opp

Ti dagar før Skåla Opp går av stabelen i Loen i Stryn kommune, kan arrangøren melde om rekordpåmelding.

Skåla opp
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Arrangørane kan melde om snart 1500 påmelde til årets arrangement.

  • NRK.no sender Skåla Opp direkte i nett-tv neste laurdag

Konkurranseklassen, med maksimalt 800 startande, har vore fullbooka i meir enn eit halvt år, men det er fortsatt mogleg å melde seg på i trimklassensom per no tel nærare 700 personar.

Arrangementet startar fredag kveld med Skåla Opp Kick Off ,med ein del kjende profilar.

Laurdag føremiddag går turen til Skålatårnet for nærare 2000 personar. Blant deltakarane finn vi motbakkeløparar i verdseliten, både europameister Ahmet Arslan frå Tyrkia og verdsmeister Jonathan Wyatt frå New Zealand, samt fleire løparar på høgt nivå frå mellom anna England, Skottland og Tsjekkia.

Norske langrennsveteranar som Brå, Hjelmeset, Skjeldal og Aasen Ouren er også klare til årets La Sportiva Skåla Opp.