Gjeraker kan ikkje hugse sist deltakinga var så god på den tradisjonsrike pinsearrangementet i Vik. Også på Breimstafetten tidlegare i mai var det svært god deltaking.
Fleire unge løparar
Veksten er størst i gute- og jenteklassen, og i den opne klassen der born og vaksne av begge kjønn kan danne lag.
Gjeraker er optimistisk med tanke på framtidige arrangement i fylket, og trur den gode deltakinga er ein trend som vil halde seg.
Vik tukta Vossa-alliansen
I dame-klassen var det Vik sitt eige damelag som kom fyrst over målstreken. Dette klara dei trass i at erkerivalen Vossa-alliansen gjorde sitt beste for å hevne tapet i Holmenkoll-stafetten, der Vik kom inn til betre slutt-tid enn Vossa-damene.
Gjest i norges-eliten
Ein av Norges beste på 800-meter, Kjetil Hodnekvam, tok også turen til Vik 2. pinsedag. Han sprang ein etappe for AKS 77, som vann herreklassen.