Hopp til innhold

Refleks skal hindre dyrepåkøyrslar

Dyr langs vegane vil bli refleksmerka. Det er klart etter eit møte mellom Statens vegvesen, bønder og grunneigarar.

Svein Arne Bøyum

BLIR MERKA: Om litt kan storfebøndene få merke kyrne sine med refleks. Bondelaget vil også undersøkje moglegheitene for å øyremerke småfe.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Møtet kom i stand fredag etter at ein buss køyrde inn i geiteflokken og drap over 30 geiter i Kjøsnesfjorden i Jølster.

– Vi har kome fram at vi skal prøve å få utvikla ein del refleksmateriell som kan nyttast på storfe i Våtedalen. Bondelaget vil også undersøkje moglegheitene til at øyremerka til dyra kan vere av refleksmateriale slik at både småfe- og storfe kan ha refleksmateriale i øyremerke, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Allereie bestilt

Slinde seier refleksmerka allereie er bestilt til storfe. I tillegg skal Bondelaget sjå på moglegheiter for refleksmerking av småfe.

Dei også vil jobbe for å få på plass gjerde og ferister i områda.

– Dette var for å følgje opp den stygge saka av påkøyrsle av geiter i Kjøsnesfjorden og vi har også sett at vi bør inn med tiltak i Våtedalen der det er nokolunde same situasjon, seier han.

Stor debatt

Nils Magne Slinde

NØGD: Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Foto: NRK

Dyretragedien 18. september i år vekte ein stor diskusjon om kva som må gjerast med dyr som går langs vegane. NAF føreslo å slakte ned dyr som er til fare for bilistane.

Lensmannen Knut Skurtveit i Jølster, meinte bilistane ikkje var forsiktige nok.

– Det er føraren som har hovudansvaret, sa han.

Fleire tiltak

Eit framlegg som ein no har gått vidare med, gjekk på nettopp refleksmerking av dyr. Slinde meiner ein no har kome fram til gode løysingar på det vanskelege problemet.

I tillegg til øyremerke av refleksmateriell på dyra, vil vegvesenet sjå på fleire tiltak langs vegane.

– I Kjøsnesfjorden vart vi relativt raskt samde med dyreigarane om at geiter i tunnelar er uheldig. Det første vi skal sjå på der er å sjå på om det er mogleg med ferist for å hindre at geitene går i tunnelen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Vil refleksmerke husdyr

SJÅ TV-SAK: Vil refleksmerke husdyr langs vegane.

Dyr sikring

Det har vist seg utfordrande for vegvesenet å få til gode løysingar som ivaretek både dyrevelferd og trafikktryggleik. Tiltaka kostar mykje pengar.

I Sogndalsdalen er arbeidet i gang med å sikre dyra som går langs vegen. Prislappen er på tre millionar kroner.

– Det vil koste minst like mykje i Våtedalen, men kanskje mindre i Kjøsnesfjorden. Vi har ikkje gått så mykje i detalj at vi veit kva tiltaka kostar, men vi snakkar fort om millionbeløp, seier Slinde.

Umiddelbare tiltak

Slinde seier ein umiddelbart vil gå i gang med refleksmerkinga av dyr. I tillegg blir det sett på moglegheitene for fleire tiltak.

– Vi vurderer ferist eller gjerde i Kjøsnesfjorden. I Våtedalen er det tale om lengre strekkje og det er meir komplisert å finne ut kva tiltak så samde om å starte planleggingsarbeid med grunneigarar for å sjå kva ein kan få til av kombinasjonen undergang, betre merking og gjerdeoppsett, seier han.