Hopp til innhold

Redusert overskot for Paxar NTP

Merkelapp-bedrifta Paxar NTP i Gaupne hadde eit overskot i fjor på 3,8 millionar kroner. Det er nesten 3 millionar kroner dårlegare enn året før.

Årsaka er mellom anna eit ekstraordinært godt sal i 2004, då verksemda gjekk med 6,7 millionar i overskot, seier økonomisjef Einar Kvam.

- Då fekk vi ti millionar ekstra i omsetnad som like godt kunne ha kome i 2005. Det blir meir eller mindre ei periodisering, for det underliggande kostnadsnivået og drifta var relativt lik dei to åra. 

Hjørnesteinsbedrift

Hjørnesteinsverksemda i Luster har vakse seg stor dei siste åra og sysselset i dag rundt 100 tilsette. Men sjølv om tala viser eit dårlegare overskot i fjor, var fjoråret driftsmessig eit vel så godt år som året før, seier Kvam.

Miste stor kunde

- Det forklarar eg med at vi i 2005 hadde ein eingongskostnad på 1,5 millionar kroner som ikkje er direkte relatert til drifta. I tillegg vart den største eksportkunden vår kjøpt opp av ein konkurrent mot slutten av 2004. Denne kunden kjøpte for 10-15 millionar kroner i året, og det greidde vi langt på veg å erstatte i 2005 med sal til nye kundar, så eigentleg var 2005 eit bra år for oss.