Hopp til innhold

Reagerer på Hopen-behandling

Tidlegare englandsproff og landslagsspelar Claus Lundekvam kaller det pinleg at Ørjan Hopen (19) må til England for å få hjelp for spelavhengigheit.

Ørjan Hopen matchvinnar heime mot Brann

FÅR HJELP: Ørjan Hopen er i England for å få hjelp mot spelavhengigheita. – Eg er utruleg glad for dette, det er ei kjempelette, sa Hopen då det var klart at han fekk komme til The Sporting Chance Clinic utanfor London.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndalspelaren sjekka måndag innn på klinikk for spel- og rusavhengigheit i England. Det får tidlegare Southampton-stoppar Claus Lundekvam til å reagere.

Han meiner det er ein skandale at Norsk fotball ikkje tilbyr liknande behandling ved Idrettens Helsesenter på Ullevaal.

Claus Lundekvam

FEKK HJELP: Claus Lundekvam meiner det er pinleg at norsk fotball ikkje kan tilby rus- og spelavhengige fotballspelarar hjelp.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Dei behandlar skader, det psykologiske, dei har kirurgar og legar. Men når eg seier at dei må ta avhengigheitsproblemet inn, så er mitt inntrykk at dei ikkje vil diskutere det, seier han til VG.

Vil ta tak

Lundekvam har sjølv slite med rusproblem og fekk hjelp for dette i England. No meiner han klinikken norsk fotball har starta opp, ikkje vil inkludere rus- og spelavhengigheit i frykt for å skade rykte.

Nytilsett generalsekretær i Norges Fotballforbund, Kjetil Siem, seier at dei no vil ta tak i problemet.

– Det har ikkje vore noko strategi på handtering av slike saker. Kanskje fordi det har vore litt tabubelagt, at vi ikkje har vore klar over omfanget. Det har rett og slett ikkje vore nok framme, varsellampene har difor ikkje lyst, seier han til VG.

Vart truga

Tidlegare i vinter stod Ørjan Hopen fram som spelavhengig . Allereie som åtteåring spelte han på Oddsen. Dei siste åra auka innsatsen og frekvensen, men på ein månad kunne han spele for 40 000 kroner månaden.

Så kom trugsmåla.

– Trugsmåla kjem frå enkeltpersonar Norge rundt. Dei har truga med å melde meg til politiet og med fysisk vald, fortalde han.

– Må inn med det same

Lundekvam seier til VG at Hopen no får hjelp i England fordi klinikken skuldar han ei teneste.

– Han skulle eigentleg inn i mars. Poenget er at når du sjølv har teke oppgjeret med problemet, må du inn med ein gang. Elles byrjar du å lure på korleis ting skal gå, seier 38-åringen.