Hopp til innhold

Her gjer dei vegen trygg att

Vegvesenet held fram sikringsarbeidet på fylkesveg 607 ved Leirvik.

Rassikring fv 697

SIKRAR VEGEN: Statens vegvesen jobbar for å hindre fleire ras på fylkesveg 607.

Foto: STATENS VEGVESEN

Fylkesveg 607 ved Leirvik sentrum i Hyllestad.

Framleis står ein del arbeid att før vegen kan opne, fortel Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Vegen har vore stengt sidan tysdags morgon, fordi stein, jord og tre rasa over vegen og ned i eit lagerbygg.

– Dei som er på staden held på å manuelt reinske med seg det som er laust nedover vegen, seier Karlsen.

Vegvesenet fortel at dei håper vegen kan opnast i dag.

– Men vi må ta eit atterhald om at vi kanskje finn noko når vi reinskar vegen, det er ingen fasit på det her. Men vi håpar å opne vegen i løpet av dagen.

Ras i Leirvik 09.08.2016
Foto: Tore Bråstad