Hopp til innhold

Ras stengjer veg

Vegvesenet veit ikkje når riksveg 614 kan opna att.

- Ein er ikkje ferdig å rydda raset som gjekk, og det er fare for nye ras, seier vaktoperatør Arne Stadheim ved vegmeldingssentralen.

Fleire ras i området

Riksveg 614 vart stengd rett over klokka 4 i natt etter eit ras om lag 100 meter fra Magnhildskartunellen, som ligg mellom Florø og Svelgen. Vegvesenet vart kalt ut. Politiet opplyser det ikkje var fare for at personar var i området.

Klokka 0525 var raset rydda, men vegen vart halden stengd ettersom det var for mørkt til å vurdera tilhøva på staden.

Klokka 0630 meldte Vegmeldingssentralen at det var gått eit nytt ras på same vegen, denne gongen ved Norddalstunnelen. Vegen er stengd mellom krysset til Norddalsfjord og Myklebust.

Usikkert når vegen kan opnast

- Det vert gjort ei vurdering mellom klokka 11 og 12 om kor vidt vegen kan opnast att. Temperaturen er på veg opp att, og det har runne jamt der dei siste to døgna, seier Stadeheim