NRK Meny

Ras framleis ikkje rydda

Asbjørn Massnes i Høyanger krev at Statens vegvesen ryddar opp rasmassar som ligg att på vegen mellom Oppedal og Bjordal etter uvêret Tor i januar. Det skriv Firda. Lause tre, steinar og jordmassar ligg framleis, og Massnes meiner det er livsfarleg å ferdast der. Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier til Firda at dei har som mål å fjerne massane, og at dei skal på synfaring i byrjinga av juni.