Hopp til innhold

Ramla 500 meter ned ein skrent

Ein person har ramla 500 meter ned ein skrent. Politiet opplyser at skiløparen er på veg til Haukeland med helikopter.

Det er lite snø i Hurrungane, Vest Jotunheimen i år

JOTUNHEIMEN: Staden der ulukka skjedde ligg i Luster kommune.

Foto: Jostein Aasen, NVE

Ulukka skjedde i Hurrungane i Jotunheimen. Politiet melder at personen er medviten.

– Ein mannleg skiløpar på Lauvnostinden har sklidd ut og ramla ned ei renne. Me har sendt opp redningshelikopter frå Florø og luftambulanse frå Førde, sa redningsleiar Edvard Middlethon kort tid etter meldinga kom.

Mannen var åleine då ulukka skjedde. Eit turfølge melde frå til politiet om det som skjedde.