– Publikumssvikten får ikkje dramatiske konsekvensar sjølv om dette har ført til eit inntektstap, seier økonomisjef Arild Bøthun i Sogndal fotball.
I fjor hadde Sogndal eit publikumssnitt på over 3000. Så langt i år har 2700 sett kvar av dei ti kampane på Fosshaugane.
Brannkampen på topp
Best besøkt er som vanleg vestlandsderbyet mot Brann der 4408 var innom portane. Færrast såg kampen mot Bodø Glimt 25. april då berre 1843 såg botnoppgjeret.
Elles er det berre dåverande tippeligaleiar Tromsø som har trekt over 3000 tilskodarar til Fosshaugane i år, i tillegg til serieopninga mot Ham Kam 12. april der 3117 personar løyste billett.
Skuldast svake resultat
Arild Bøthun reknar med at hovudårsaken til svake besøkstal er dårleg sportslege resultat for sogneklubben. Men han syner òg til at det er fleire TV-kampar i år, og då fell talet på dei som stiller på stadion. Men publikumssvikten på desse kampane blir kompensert av auka medieinntekter.