Hopp til innhold

Prøv deg på helgequizen!

Har du fått med deg nyheitene den siste veka? Her kan du testa deg!

1/7 Aktiv ver

Veren Smedølen i fjøset
Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Denne veren har vore rundt på ei heftig reise den siste tida. Han har vore rundt i Sogn for å gjere søyene drektige, men kva heiter han?

2/7 Få kvinnelege kollegaer

Navigatør Cecilie Strand
Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

Cecilie Strand (28) er ei av eit fåtal kvinner som jobbar som navigatør – eller styrmann. Av 243 navigatørar i landets to største ferjeselskap er det berre elleve kvinner. Men kva ferjesamband jobbar ho på?

3/7 Skilnad i levealder

Lærdalstunnelen
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Berre Lærdalstunnelen skil dei to kommunane Aurland og Lærdal frå kvarandre. Likevel lever menn i Lærdal i snitt lengre enn dei i Aurland. Kor mange år skil det?

4/7 Plastproblem

Plasthaug

Kvart år blir over 18.000 tonn landbruksplast sendt til gjenvinning, men no slit bøndene med å bli kvitt det. Tidlegare har plasten blitt sendt utanlands, men kva land er det no som har slutta å ta i mot?

5/7 Europacup-drama

Hilde Elvebakk Hjelmeland i smash mot franske Saint Raphael
Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Førde sine volleyball-kvinner debuterte i europacupen denne veka mot franske Saint-Raphaël Var. Førde låg an til å tapa klart, men så skjedde noko som snudde kampen på hovudet. Kva var det?

6/7 Blir verande i førstedivisjon

Andre runde i kvalifisering til eliteserien, Aalesund - Sogndal.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Sogndal skal spele i førstedivisjon også i 2019, etter at dei tapte 3–1 borte mot Aalesund i kvalifiseringskampen. Men kven scora Sogndal sitt mål?

7/7 Drep færre beitedyr

Skutt jerv
Foto: Statens naturoppsyn

Jerven har opp gjennom åra tatt fleire beitedyr, mellom anna sau. Men i 2015 i opna regjeringa for meir omfattande jakt på jerven. Kor mange dyr har blitt drepen av jerv, så langt i 2018?